Arrangement


3. april - Vågå Filmklubb - "Edvard Munch"

Onsdag 3. april, kl 19.00 på Vågå kulturhus, viser Vågå Filmklubb Peter Watkins film "Edvard Munch" frå 1974. Dette berømte doku-dramaet skildrar Edvard Munch i hass yngre år, forholdet han hadde til sin djupt religiøse, borgerlige familie, hardt ramma av sinnsjukdom, sjukdom og død. Hans møte med Christiania-bohemens kamp mot det beståande og dei fyrste vanskelege forholda til kvinner.

I sentrum står Munch og hans tidlege målarkunst, evig konsentrert om tema sjukdom og død, ulykkeleg kjærleik og angstfylt seksualitet. Mykje av dialogen er henta frå Munch sine dagbøker.

Alle rollane er fylt av amatørar, noko som bidreg til å gi filmen sitt særpreg i ein fiktiv dokumentarisk form.




7. - 9. juni - Vågå-dågå 

8. juni 2013, kl 12, vil  det vere avduking av byste av Edvard Munch. Den kjente vagveren og skulptøren Jo Visdal lagde denne bysta av venen og studiekameraten Edvard Munch i 1886, da Munch var berre 23 år gamal.

Dette vil foregå i den gamle kulturhagen på prestegarden i Vågå. Vågå prestegardshage er nå er i ferd med å bli gjenskapt med den atmosfære og dei kulturverdiar som har blitt skapt der gjennom fleire hundre år.
Edvard Munch sine forfedre hadde sete på prestegarden i 80 år. Edvard Munch hadde og sjølv ei sterk tilknytning til Vågå, og var på besøk i bygda fleire gonger gjennom kortare og lengre periodar.

Skulen i Vågå er aktive i jubileumsåret på forskjellige måtar. Fleire klassar skal ha undervisning om Edvard Munch gjennom heile skuleåret. I oktober 2012 skal skulen ha ”kickoff”-samling i kulturhuset og i november 2012 skal 9. klassingane ha tur til Munchmuseet og Universitetes Aula. Munch seier sjølv at han fekk mykje av inspirasjonen til aulamaleria sine frå Vågåkyrkja. Elevane skal og ha i oppgave å framføre forskjellige tema som er knytt opp mot Munch.

Detaljar:
7. juni, kl 18.00
"Edvard Munch og Vågå". Foredrag ved Johan Storm Munch. Jutulheimen. Utstillingane opnar.

8. juni, kl 12.00
Avduking av Edvard Munch-bysten i Ullinsvin. Presentasjon av den nyrestaurerte Prestgardshågein. Opne utstillingar. Baking og servering.

9. juni, kl 10.00
"Edvard Munch-gudsteneste" i Vågåkyrkja. Tekster av Munch og musikkinnslag. Munch-vandring til Ullinsvin etter messa.