Ullinsvin prestegard

Tekst: Unn Bostad


Gjenskaping av prestgardshagen på Ullinsvin

Ullinsvin med utsikt over Vågåmo. Foto: Roar Strand
Strukturen i prestegardshagen var klar og tydeleg både gjennom dokumenterte planar, gjennom minner og gjennom litteratur.

Våre visjonar og målsettinger for arbeidet i prestegardshagen er derfor å gjenskape og bevare den atmosfæren som er å finne der. Finne kulturverdiar som har vorte skapt av forskjellige prestefamiliar gjennom fleire hundre år.

At det skal koma ei byste av Edvard Munch  i  hagen, har fått oss til å fordjupe oss i Storm/Munch sine år på prestegarden, og vi har knytt desse familiane opp mot dei ymse epokane i norsk hagestil: Renessanse og barokkhagar - landskapsstilens hagar og meire nyformale hagar. Vi har og sjølvsagt knytt prestegardshagen opp mot nyare tid.

Eldre tiders prestegardar var viktige produksjonseinheiter i det lokale landbruket, og hagekultur var eit av dei emna som menn i den tida burde ha kunnskap om. Det å ha hage, og det å ha kunnskap om planter og urter, var ein av dei viktigaste statussymbola ein kunne ha. Nytte og nytelse gjekk hand i hand. Det var fyrst på 1800-talet då hagestell vart overteke av gartnerar og husmødre at den mista mykje av statusen på dannelse og framgang.

Haldningane frå 1700- og 1800-talet, var at eit danna menneske skulle tilegne seg kunnskap frå alle område, og utvide horisonten i alle retningar. Språk, arkitektur, astronomi, botanikk, filosofi, statsmannskap og ikkje minst hagekultur, var blant dei felta som datidas ”dannnede menn” burde ha innsikt i.



Planlegging av hagen

Johan Storm   ( tippoldefar til Edvard Munch) var prest i Vågå frå 1745 til 1776.  Johan Storm  anla ein hage med ”stakallgjerde” rundt, og det ser og ut som det er han som fekk strukturert hagen i kvarterar, langsgåande midtgangar og aksar på tvers. Stramme liner som i renesansehagane på den tida.
Strukturen i hagen vart skapt.




Peder Munch og Christine Storm Munch – 1776-1786
(oldeforeldre til Edvard Munch)

Oldemor Christine måtte ha vore ei resssurssterk kvinne. Ho fødte 12 barn på 15 år, dei 7 yngste fødte ho på Ullinsvin. Ho var svært interessert i botanikk, astronomi , musikk, astrologi og kokekunst.
Christine hadde eit stort utvalg av urter og legande planter i urtehagen sin. Både planter som kunne brukast til  krydder og planter som hadde legande virkning. Bror til Christine, Edvard Storm, skreiv fleire brev heim til syster si, der han blant anna skriv at ho har ”Brød ikke alene til Mættelse, men til Overflod”. Og så drøymde han om kva han skulle ete når han kom til Ullinsvin: ”Er det sommer maa jeg have jordbærsold. – Brændsnude, Syregryn, Fiskesodd og Rypesuppe ere saadanne Rarieteter for mig, som jeg ikke har smagt, siden jeg forlot Norge. Ej tale om den ædle Vøretkage, Æggelefse, Bufar-ditto og andre sadanne nationale Sager, som jeg ikke engang hører nævne her nede”.
Urtehagen vart skapt - frukt og bær vart dyrka.



Marcus Fredrik Bang Wang : 1803-1814

Det store stilskiftet  i norsk hagekunst kan ein tidfeste til slutten av 1700 tallet.
Marcus Fredrik Bang Wang og kona Jakobine (dotter til oldemor Christine) var prestefolk i Vågå frå 1803 til 1814. I denne perioden veit ein at hagen får ein meire landskapsstil. Det blir ei fornying av hagen. Det blir bygging av lysthus i tre og laga eit lysthus av spirea og syrener. Det romantiske stod i fokus i hagedesign som i det meste anna. På lysthuset som vart bygd i 1810, har Johan Storm Wang – son til Marcus Bang Wang og Jacobine - skreve eit vakkert dikt på døra.
Landskapstilen vart skapt og det litt ”romantiske” sto i fokus.



Lysthuset på prestegraden i Vågå – 1810

Foto: Roar Strand
Velkommen hver Ven og Veninde, 
som tækkes vil under mit Tag.
Større Fryd jeg nød ingensinde 
End dem at mottage i dag.
Naar blidere aarstid bortviger, 
Staar jeg forladt, lukket og tom.
Men min Skytaand trøstende siger; 
Bær din Skjæbne taalig og from.
Vælg Haapet til Sælskap og Støtte.
Tænk glad på den kommende Vaar.
Med dig vil man Stuen ombytte 
Hver Mai i hundrede Aar.
Saa svinde al Kummer og Klage
 fra hvert ømt og elskende Bryst.
Af livets henilende Dage 
hver nyttes og nydes med lyst.

Johannes Svensen Risdal, Snekker, Smed, maler og Skjald
 (Pseudonym for  Johan Storm Wang)

Johan Storm Wang var sønn av syster til Edvard Storm -
(Jacobine Storm Munch), og han var fetter til far til  Edvard Munch - (Christian Munch)  





Prestane Birkelund og Sjaastad

Artsrikdommen stod i fokus. Det vart innført hardføre stauder, blomstrande busker, slyng og klatreplantar, peoner og roser. Samtidig som  hagen var ein ”nyttehage” med mange slags grønnsaker og frukttrær.

Gjennom heile historia har hagar  avspeila samfunnsforhold og livsvilkår. Hagane er ein viktig del av vår kulturhistoriske arv og gamle hageplantar er levande kulturminner av stor verdi.

Hagegruppa under Vågå historielag vil i utforminga  med å gjenskape prestegardshagen legge vekt på:
- God design
- Bevisst bruk av fargar og lukter
- Gjenskape gode uterom med med kvileplassar, bord og benkar
- Gjenskape oldemor Christines urtehage, til visuell glede og nytte for ”smaksskular” og andre
- Formidle informasjon og kunnskap om historia frå; prestegarden, prestegardshagen, botanikk og samfunnsliv
- Hagen skal ha ei universell utforming og skal kunne brukast av alle  

Kulturhagen i prestegarden i Vågå er tenkt å bli ei OASE – eit rekreasjonsområde- der folk ikkje berre kan søke kunnskap om Munch sine forfedrar og Edvard Munch sin sterke tilknytning til Vågåbygda og Ullinsvin, men og der bygdafolk og tilreisande søkjer opplevingar, inspirasjon, det estetisk vakre, ro og kvile.