Jo Visdal

Tekst: Unn Bostad


Jo Visdal er født i Vågå 2. november 1861 og døydde i Asker 26. desember 1923. Jo Visdal vaks opp på Nigard Visdal i  Norherad i Vågå saman med 4 søsken.
Jo Visdal tok til som treskjærar i heimbygda og kom i 1880  til Kristiania, der han tok til i møbelsnekkarlære. Etter ei tid livnærte han seg ved å skjæra trefigurar som han selde gjennom Bennets reisebyrå.

Frå 1883 til 1887 gjekk han på Den kgl. Tegneskulen. Alt i 1883, same år som han tok til på Tegneskulen, debuterte Visdal på haustutstillinga med ei potrettbyste. På skulen trefte han Edvard Munch, og i 1886, da Munch var berre 23 år gamal, laga Visdal ei byste av kunstnaren. Denne bysta gav Visdal eit slags gjennombrot. Visdal fekk eit stipend frå Houens legat, og eit studieopphald i Paris.

Oscar Thue- tidlegare førstekonservator ved Nasjonalgalleriet – seier i samtale med Øystein Hovdkinn i 1993, at bysten av Munch er ”ett av de fineste,  mest uttrykksfulle og levende karakterportretter i norsk  bildende kunst”.

Edvard Munch (Jo Visdal, 1886)
Det er denne bysta som nå er lånt frå barnebarnet til Jo Visdal, Linda Visdal Berglund, og som har vorte støypt i bronse og skal  avdukast 8. juni 2013, i prestegardshagen under Vågå-dågå og Munchjubileet. Edvard Munch sine forfedrar hadde sete på prestegarden i Vågå i 80 år.
Oscar Thue, seier at portrettet av Munch har eit meire lyrisk preg enn Visdals seinare arbeid og at arbeidet vakte ei viss merksemd.

Jo  Visdal var ein nær venn av Edvard Munch heile livet. I Paris  budde dei og på same hybel ei stund.
I Paris teikna Visdal med malarane Leon Bonnat og Alfred Roll. Dei  franske kunstnaranes handtverksmessige dyktigheit vart ein inspirasjon for Jo Visdals seinare virke, sjølv om det følelseslada og ofte dramatiske uttrykk i samtidas franske kultur låg fjernt frå Jo Visdal sitt lynne (Oscar Thue).





Nokre av dei  kjente skulpturane til Jo  Visdal:

Byste av Knud Knudsen, Nationalteatret
Byste av Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson,  Aulestad
Byste Henrik Ibsen, Skien
Altertavle Fagerborg kirke, Oslo
Byste Arne Garborg, Universitetsbiblioteket.
Potrettrelieff,  Kong Haakon7 til nye mynter 1907, 1909, 1910 og 1920.
Nicolai Wergeland, Universitets Aula.
Monument Carsten  Anker, Eidsvollsbygningen.

Kjelder: Øystein Hovdkinn: Jo Visdal, Billedhoggaren frå Vågå
              Sigrid Rømcke Thue og Oscar Thue: Visdal, Jo  (John)