Vågåkyrkja

Tekst: Unn Bostad


Vågåkyrkja
Foto: Roar Strand
”Vågåkyrkja er liti og blyg; 
Men all hennar form har ynde.
På vigde vangen sin alder dryg
Ho spegla det norske lynde”

Da komponisten David Monrad Johansen kom ut frå sitt første besøk i Peterskyrkja i Roma, snudde han seg mot det norske reisefølge sitt og sa : Vågåkirken er vakker!
Av ein eller annan grunn hadde det sansebedøvande inntrykket vakt til live minner om det første møte han hadde med Vågåkyrkja. Så vakker, så lita, men så stor – og skapt av folket i ei lita fjellbygd.

Nest etter Urnes skal Vågåkyrkja vera vår eldste kyrkje (opprinneleg stavkyrkje). Den blir sagt å vera bygd i tidsrommet 1100-1130, men blir først nemnt i 1270. Opprinneleg var Vågåkyrkja ei lita og einskipa kyrkje, prega av normannisk arkitektur, utan indre søylereisning, kanskje også utan svalgang og apsis.

I 1627 sto det så dårleg til med kyrkja at ho måtte rivast. Den store kyrkjebyggaren mester Werner Olsen, gjenreiste kyrkja med stor pietet og stilfølelse, delvis bygd på materialar frå gamlekyrkja. Vest og sørportal og vestveggens blindarkaderekkje vart ståande urørt. Blindarkaderekkja er eineståande for Urnes og Vågå. Vågå kyrkja vart utvida til korskyrkje i ca. 1630 og får nå ein frittståande klokkestupul. Karakteristisk er Werner Olsen sitt åttekanta høge spir, omgjett av fire småspir i kvart hjørne av eit firkanta tårn.

Like ljos og vennleg som Vågåkyrkja er utvendig, like vakkert er interiøret. Her finn ein fargeglede frå middelalderen, enkle linjespel frå renessansen i samsvar og kompromiss med den nyare stilen, barokken. Eldst av år er den gamle døypefonten frå det 11. århundrede. Denne foten i kleber har eit fint ringkjedemønster rundt skåla og bandflettingsmønster nede på foten.

I 1686 får kyrkja altertavle, utført av Johannes Lauritsen Skraastad. I 1703 blir det oppført preikestol, utført av Lars Jensen Borg. I 1922 blir himlingen frå 1630 fjerna og skipet får att sitt middelalderutsjåande.

Edvard Munch seier sjølv at han fekk mykje av inspirasjonen sin  til  Aulamaleria  frå Vågåkyrkja. Henning Munch som har måla veggbileta i koret, var prest i Vågå fra 1681 til 1696. Edvard Munch trudde han var i slekt med Henning Munch, men det ser ikkje ut til å stemme. Les notat av Edvard Munch som omhandler dette: Notat 1. Notat 2.

Vågå kyrkjegard har ei rekkje gravar frå 1600- og 1700-talet. Erik Werenskiold fekk ideen til det kjente maleriet ” En bondebegravelse”, og det første utkastet til dette maleriet er frå kyrkjegarden her. Gerhard Munthe har laga monumentet over Jo Gjende.


Kjelder: De utrolige Stavkirkene, Thomas Thiis Evensen
             Morgenposten 16.februar 1962.